Historie for Bondalseidet Sportskapell

Året 2010


8. mars: Eit tappert forsøk for å få opna avløpet lukkast ikkje. Ei ny midlertidig løysing blir vurdert.



20. februar: Huset har vatn, men avløpet er tett! Vi har hatt den kaldaste vinteren på mange år,
og avløpet har truleg frose oppe under parkeringsplassen.
Vi startar arbeidet med å grave fram stakekummar og om mogleg å få opna avløpet.


Tidleg i januar. Eventyrleg vinternatt med nysnø og fullmåne.

Året 2009

Frysaren er flytta opp på kjøkkenet, kontakt er montert.


Foldedører er montert mellom peisestova og kapellet.
No kan peisestova brukast utan at kapellet må varmast opp!




21 nye songbøker er kjøpt inn til påska.



 
I 2008 fekk vi prosjektmidlar frå Volda og Ørsta Sparebank for å skifte ut den gamle peisen med ein ny reintbrennande peisinnsats. Arbeidet vart sett i gang og peisen er no ferdigmontert. Bileta under syner peisen før , under og etter ombygging. Vi er godt nøgde med resultatet og omnen fungerar som den skal.

Året 2008


31.12. Med støtte frå Volda og Ørsta Sparebank er ny peisinnsats kjøpt inn og montert.


25.01. Med støtte frå Ørsta Aktivum er 24 flotte puter og madrasser kjøpt inn!



01.01.08 Godt Nytt År!

Året 2007


02.12 1. sundag i advent.


25.11
Det er tidleg vinter. Oppe i heistraseen er det mange stader 1 m snø (0,5 m nysnø).

23.11
Milepel: Vi har fått kommunalt vatn i huset!



13.10
Bålkos nedanfor huset. Ei grue og 4 benkar er sett opp.


Graving for vatn og kloakk

07.01
Huset blir endeleg kopla til kommunalt vatn og kloakk! Biletet syner glimt frå gravearbeidet. Her er gravinga komen forbi inngangen på nordsida.