Informasjon om huset:

Bondalseidet Sportskapell / Ungdomssenter

Huset eignar seg godt for utleige til lag eller familiar, men også for utleige til private arrangement som til dømes bryllaup, barnedåp og konfirmasjon. Standarden er enkel, men god. Det er innlagt elektrisitet og vatn. Avløpet går til kommunalt nett.  Plasseringa av huset gir eit glimrande utgangspunkt for bruk av skisenteret om vinteren, og det er tallause turmoglegheiter i skog og fjell heile året.

Finn vegen til Sportskapellet!

Huset ligg 100 m vest for parkeringsplassen til Ørsta Skisenter på Bondalseidet  mellom Ørsta og Sæbø på  Sunnmøre. Det er eigen veg ned til huset frå parkeringsplassen ved skisenteret.Vegen er normalt ikkje brøytt om vinteren, men kan brøytast etter avtale. I vintersesongen er det parkeringsavgift på parkeringsplassen til skisenteret, og i helgane er plassen ofte full tidleg på dag.

Webkamera

Næraste webkamera står ved parkeringsplassen til skisenteret, og på toppen av Eitrefjell ( Webkamera ).

Veirmelding

Her finn du veirmelding for Bondalseidet: Yr for Bondalseidet 

Nokre fakta:




Huset ligg like vest for nedre heisstasjonen til Ørsta skiheis.


Om vinteren er vegen normalt ikkje brøyta, men det er berre 100m frå parkeringsplassen til skisenteret. ( kr 30 i avgift / døgn )


Peisestova har om lag 30 sitteplassar framfor peisen.



Møtesalen er ved sida av peisestova, og kan brukast etter behov.


Kjøkkenet har mellom anna elektriske komfyrar, kjøleskap, oppvaskmaskin og kaffitraktarar.


I kjellaren er det tilgjengeleg to bad og fire soverom