Bondalseidet Sportskapell sportskapellet.no

Informasjon til leigetakar

Velkomen til Bondalseidet Sportskapell!

Huset har unike kvalitetar og vi er glade for å kunne stille det til disposisjon til leigetakarane.

Som leigetakar er det viktig å vere medviten på kva ansvar og moglegheiter bruk av huset fører med seg. Her har vi derfor samla viktig informasjon. Les nøye gjennom det og ta gjerne kontakt med oss dersom noko er uklårt, eller det er noko du ynskjer å vite meir om!

Vi gjer vårt beste for å halde huset reint og triveleg for gjestane våre. Huset er dreve med friviljug arbeid, og vi er derfor ekstra avhengig av at leigetakarane hjelper oss å halde huset i orden. Innordning etter ordensreglane er eit absolutt krav for leige av huset.

Ofte er det knapt med tid når opphaldet nærmar seg slutten. Det kan derfor vere lurt å tenke gjennom på førehand korleis ein skal ordne opp etter seg. Dersom heile huset har vore i bruk, trengst det 3-4 personar i omlag ein time for å ordne.

Dokumentet er også tilgjengeleg som pdf-dokument: Dokument

Slik gjer du når du skal leige huset:

  1. ta kontakt med utleigeansvarleg: per e-post til utleige@sportskapellet.no eller på telefon. ( Adresse og telefonliste )

  2. utleigar noterer reservasjon i utleigebok og gir muntleg informasjon om huset.

  3. leigetakar hentar nøkkel, eventuell informasjon og kvitterer for det. Viktig: Den som kvitterer for nøkkel, er ansvarleg leigetakar og er brannvernansvarleg i leigetida!

Hugseliste:



Før bruk av huset:


Når du kjem til huset:

  1. gjer deg godt kjend med branninstruksen

  2. opne hovudkran for vatn i kjellaren ( skal alltid vere stengd når huset ikkje er i bruk )

  3. sett i støpsel for oppvaskmaskin, kjøleskap, frysar etter behov.

  4. tapp vatn i begge dusjane i 5 minutt med høg temperatur (førebygging av legionella)

Bruk av peisen

  1. Opne begge lufteventilane ( sku spaken oppe til høgre, drag ut stonga nede )

  2. Legg to halvstore trestykke ut/inn på kvar side i peisbotnen. Legg avispapir og opptenningsved i mellom, og tenn opp.

  3. Lat døra stå på gløtt heilt til veden tek fyr. Lat att døra og ventilen nede når det brenn godt.

  4. Når omnen er varm, kan du regulere varmen med spaken oppe. 75% opning gir nominell varme.

  5. Lat ilegget brenne ned til glo før du legg inn i omnen på nytt. Opne dørene på gløtt og lat undertrykket i omnen utjamne seg, før dørene opnast heilt. Legg i veden og opne lufteventilen i heilt opa stilling. Reguler ned igjen når det brenn godt. Kontroller at etterbrenninga har starta.

Når du forlet huset:

  1. Tøm kjøkkenskapa, kjøleskap og frysar for matrestar. Tøm avfall frå bosbøtter. Avfallet må takast med for levering til reinhaldsverket.

  2. Støvsug møblar, vask golva. Rydd på plass møblar og utstyr slik dei stod då du kom

  3. Kontroller at dørene i peisen er igjen.

  4. Sett varmeomnen under kjøkkenbenken på ”I” og 10 grader på termostat, skru ned eller slå av varme i eltavle i kjellar ( sjå instruksjon på skapet )

  5. Ta med alle attgløymde kle, handkle o.l. (Vi har ikkje høve til å ta vare på dei !)

  6. Trekk for alle vindauge og dører i kapellet og peisestova

  7. Steng hovudkrana for vatnet

  8. Kontroller at alle dører og vindauge er låste ( det er 4 utgangsdører )

  9. Trekk ut støypsla for oppvaskmaskin, kjøleskap, frysar, kaffitraktar og sløkk alle lys. Kontroller at komfyrane er av.

  10. Noter eventuell skade på inventar eller hus

Etter bruk av huset:

    Leigetakar leverer tilbake nøkkel til utleigar, kvitterar på utleigeskjema og betalar faktura i tide.

Ordensreglar under opphaldet:

Huset er eit kapell, eit gudshus. Huset er reist med ynskje om at det må tene og stimulere kristenlivet. Vi ber derfor leigetakarane respektere dette og oppføre seg sømeleg og fylgje ordensreglane under:


Brannvern

Førebyggjande brannvern

Alle gjestar har plikt til å lese branninstruksen og å opptre på ein slik måte at det ikkje er fare for eller oppstår brann.
Når hytta er leigd ut til grupper, skal det alltid oppnemnast ein brannvernansvarleg. Namnet på vedkomande skal noterast i brannvernprotokollen som ligg i skapet på kjøkkenet.
Brannvernansvarleg skal orientere gjestane om rømningsplanar, korleis dei skal opptre i ein brannsituasjon, og om korleis brann skal varslast.
Før brannvernansvarleg går til ro om natta, skal vedkomande kontrollere opphaldsrom, kjøkken og peis. Det er viktig å telje overnattingsgjestane, dette skal førast i brannvernprotokollen.
Dersom det er fleire enn 50 overnattande, må det etablerast ei eiga nattevakt.

Rømningsplan

Rømningsplanar er slått opp på veggen i kvart soverom og ved inngangen i 1.etg.

Kontrollpunkt for kvar utleige og overnatting



Branninstruks ved branntilløp:

  1. Opptre roleg og sindig. Om mogleg, fordel oppgåvene.

  2. Dersom ikkje brannalarmen har starta: start brannalarm

  3. Evakuer alle til samlingsplass utanfor inngangen

  4. Varsle: ring brannvesenet tlf. 110

  5. Tel alle og sikre at ingen er igjen innandørs

  6. Dersom mogleg: sløkk brannen med tilgjengelege sløkkemiddel




Informasjon:

kontaktperson:

ditt namn

objekt

Bondalseidet Sportskapell

adresse

Bondalseidet i Ørsta kommune. 100 m vest for nedre heisstasjon på Ørsta Skisenter.

hending

fortel kva som har skjedd


Utleigeinformasjon for BSK vers. 09.01.2009

Side 5 av 5